Arbeidsleir

DuoGen og RadarmastTida går, det er under 3 veker igjen til avreise. Vi er i Oslo begge to, og har definert denne perioden som ein arbeidsleir. Sjølv om det er varmt og klamt og ikkje minst trangt å montere i båt, blir motivasjonen opprettholdt av det som ligg føre oss. Eit år på segltur! Det er nesten så det begynner å gå opp for oss at vi faktisk skal i veg…

Den første delen av veka gjekk med til å rydde ut av og klargjere leilighet for sal. Altfor seint ute med dette, men det får vi ikkje endra no. Visning neste helg og sal godt over takst i veka etter…

Torsdag kveld fekk vi båten igjen frå Lunde Båt som har montert ein del utstyr. Fredag starta vi montering av DuoGen. Det gikk unna! Vi vart veldig engasjerte og kasta oss i veg med radarmasta. Den kom også opp fredag. Laurdag monterte vi på radaren og antennene, samt at vi fekk montert på ein baugpeke som fungerer som platform og genakerpeke. I dag, søndag, går vi vidare med å få kopla alt til elektrisk.

Arnt sikrer DuoGenArnt sikrar DuoGenen så den ikkje skal rotere i vinden før vi har fått kopla den til.

DuoGen FotSidan Bavaria ikkje er rett i hekken kappa eg litt av foten nederst og laga nye hol slik at festet peikar rett bakover igjen.

DuoGen festeSlik er DuoGen festa i vindmodus. Det orginale monteringssettet verka litt spinkelt, men vi valde å prøve. Det sitter bra no, men vi får sjå om det treng forsterkning når vinden tar litt meir.

Skummelt!Skummelt! Det er alltid forbunde med stor nervøsitet å bore hol i båten. Det vart mykje måling og tenking før vi endeleg torde sette drillen i skutesida. Resultatet vart bra, og peken sitter som om den skulle ha vert designa på båten.

Vi er med andre ord godt i gang med siste rest av monteringane før vi drar. Som vanleg verkar tida alt for knapp i forhold til kva som står igjen, men vi reknar med at høgt tempo og lange dagar skal lede til mål akkurat i tide.Det blir ofte slik, aldri kor mykje ein planlegg er ein ikkje klar før akkurat i tide.

2 kommentarer til “Arbeidsleir”


  1. 1 Henrik

    Ja no er det ikkje lenge igjen, begynte å krible litt i min egen mage når eg leste dette. Skjønt eg har no 8 1/2 måned til før eg dreg avgårde. Tenkte eg skulle begynne på vaksineringa snart, vi preikast!

  2. 2 Oddgeir og Sigrun

    Artig å følge med i forberedelsene deres. Vi har litt mindre ambisjoner enn dere, og seiler nå fra Les Sables d’Olonne til Oslo.
    Regner med å komme til Kiel i månedskiftet juni-juli.
    God tur.

Skriv en kommentar