Er det ikkje det som er langtursegling? Det var for oss viktigare at vi reiste den datoen vi hadde satt, enn at vi var heilt klare med alt. Det blir derfor litt mekking undervegs. Vi har vert flinke i dag, og gjekk rett på oppgåvene med stor iver. Vi har nok ikkje komme heilt ut av forberedelsesfasen enno…
Vi var nøgde med resultatet og, vart det ikkje fint? Fekk masse kommentarar frå forbipasserande på brygga her i Strömstad.
No har vi vert og handla på den søndagsopne ICA-butikken. Arnt lagar kyllinmiddag, medan eg bloggar litt. Seinare i kveld ventar vi inn iallefall ein ARC-båt til, så då blir det vel ein ankerdram eller to
PS: Jan, no har eg oppdatert posisjonen også, så då kan du se på kartsida kor vi er!


Onninen Express avdeling Florø har sponsa kablar og koblings- materiell.






God tur! Følger ofte med og er misunnelig som F…..
Tor Arne i Lom
Hello sailerboys:-)
Er inne på sida dykkar kvar dag for å sjekke korleis de har det. Må berre legge ut nyhende:-) Kva er neste hamn etter Strømstad? Misunner dykk masse!!
Segl forsiktig og nyt turen og livet!
Klem frå Mona
Logoen blei jaggu dritbra, passa jo perfekt der!
H.
Hei. Dette blir noko anna enn båtlivet vi hadde i Florø i hine hårde dager Sten,med vannski og fart og spenning. Det blir kjekt å følge med på turen. Kos dere og ha ein kjempe fin tur.
Hei!
Hyggelig at dykk følgjer med oss!
Mona: No har eg endelig et vetig svar å gi deg; neste stopp vart Smøgen, (der er vi no) Vi seglar dit vind og vær føre oss, og i dag førte det oss hit;) Eit utrolig hyggelig sted! I morgen går vi nok vidare nedover svenskekysten, deretter er planen å krysse over til Danmark et sted;)
Henrik: Ja, sant! Vi er utrolig nøgd med logoen, står seg fint frampå skroget:)
Arnt
Hei Bjarte, og takk for helsing!
Det går ikkje like fort no som før nei, men eg har med ei jolle med ein påhengar på, så litt fart får eg no til
Vannski går vel kanskje ikkje, det måtte ha blitt på ein god surf ned ei lang bølge.
Eg hadde rett om blåfargen på skya
Har dåkke hatt en bra seglas sørover fra Strømstad?