Tusen takk for alle helsingar!

AvreisekakeVi er overvelda av alle helsingar og lukkeønskingar vi har fått. Vi har prata mykje om det, det varmar og har satt ein ekstra spiss på avreisa at det er so mange som følgjer med oss. Tusen takk!

Skipperen heisar ARC-flaggetARC-flaggetFredag kl. 18:00 heisa vi ARC-flagget som ei symbolsk start på reisa. Jan Are, Bjarne, Lise, Stine og Terje møtte på Aker Brygge for å vinke oss avgarde. Dei hadde også med ei flott avreisekake som vi naut i godt selskap før vi kasta loss.

Første etappe gjekk til gjestehamna på Oscarsborg festning. Det var litt spesielt å gå denne etappen og tenke på at vi ikkje skulle tilbake dagen etter slik som vanleg er. Faktisk er det eit heilt år til vi skal inn att same fjorden.

Sten bloggerMontering av autopilotVi måtte sjølvsagt også teste å blogge via Satellittelefonen, og det fungerte jo fint ser eg. Trass iherdig innsats før avgang lyt vi vel innrømme at det ikkje er alt som er heilt på plass. Kartplottaren vart montert ein time etter avgang, og på bildet her ser de kapteinen i ferd med å montere autopiloten. Merkeleg nok har alt fungert som det skulle på første forsøk!

Egg og BaconNatta på Oscarsborg sov vi begge godt. Eg spøka om at i morgon hadde det vert deilig å vakne til lukta av nystekt egg og bacon. Jammen gjekk det troll i ord, snakk om bra mannskap å ha med på tur! Skipparen seier seg svært nøgd med rollefordelinga ombord :) Legg ellers merke til at vi har med oss potteplanter!

I dag har vi segla i god vind til Strömstad. Avgang var kl.10:30 og etter 9 timar og 63 nm fekk vi ein sentral plass rett ved nattklubben i Strömstad si gjestehamn. I morgon kjem to andre båtar som også skal segle til Karibien. Vi gler oss til å ta den først ankerdrammen i lag med dei. Ellers skal vi fortsette å montere litt utstyr som enno ikkje har funnet sin rette plass.

ArntStenArnt og Sten som begge er nøgde med starten på reisa!

4 kommentarer til “Tusen takk for alle helsingar!”


  1. 1 tomas midtbø

    hei.
    Eg ønsker dere begge ein kjempe fin tur.
    Det er kjekt å lese om korleis det går med dere=)

  2. 2 Dagfinn Nordal

    Heisan karer,

    Godt å se at dere er komt godt i gang. Ser dere har holdt god snittfart på veg til Strømstad, må være kjekt å seile når det går såpass unna.

    Arnt er jo en legendarisk egg og bacon kokk i rallartur miljøet:) men du må nokk få han til å variere litt i frokst kosten ellers kan det bli litt ensformig. Ellers så er jo ha han veldig god med ølmarinerte kåteletter, vist det skulle by seg en sjangs for litt grilling.

    Sail safe
    Bon voyage

    Mvh

    Dagfinn

  3. 3 Jan Bareksten

    Hallo;)

    Kjekt og følge dere på tur for en utflytta florøværing!
    God tur videre

    Mvh
    Jan

  4. 4 Bjørn Vassbotn

    Følger med på bloggen med stor glede. :)
    God tur!

Skriv en kommentar