Arkiv for 16. juli, 2008
Det vart ikkje Nederland i dag heller. Det skulle blåse like mykje eller meir i dag enn då vi gjekk hit, og det freista ikkje å legge ut når vi veit vi har vinden midt i mot. På grunn av djupna her blir det fort krappe bølgjer, og då blir det berre stamping nedover. Imorgon ser det ut til at det skal løye, så då går vi i lag med Endely nedover mot Dlfzijl i Nederland.
Arnt har stort sett brukt dagen på fornuftige båtting. Har fiksa og ordna i heile dag! Sjølv har eg tatt jobben med å studere tidevannet. Det er ein viktig faktor ved seglinga her nede. Ein heil syklus tar jo nesten 12 timar, så då gjekk jo den dagen
Legger ut to bilder frå dagens studier, det er ganske stor forskjell. Eg konkluderte med at når det er fjøre er det langt frå kaia ned til båten, når det er flo er det ikkje langt!


Onninen Express avdeling Florø har sponsa kablar og koblings- materiell.





