Kort tur ned til Willemstad der vi no orienterer oss i forhold til kva vi må ta hensyn til i forhold til tidevatn og strøm i morgon. Planen er å gå til Zeebrugge i Belgia. Då er vi ute i havet igjen, og slepp å tenke på bruer og sluser med opningstider.
Willemstad er ein veldig idyllisk plass, med alt det du forventer av Nederland. Vi skulle gjerne ha brukt meir tid i gatene her, men har blitt utfordra i bilspel av gutane i EmBlem. For ikkje å gå på eit suverent nederlag treng vi kvelden og natta til å trene… Berre synd det einaste spelet vi har er kabal på PCen. Vi satsar på at vi får drilla fingrane nok på det til at morgondagens kamp skal gå greit
Arnt var nyfiken på kva ungane såg gjennom vindauget, så han prøvde seg på døra… blei våt gitt!


Onninen Express avdeling Florø har sponsa kablar og koblings- materiell.






0 kommentarer til “Siste stopp innafor slusene”