Arkiv for 6. august, 2008

Portsmouth

EmBlem og SerendipityDet vart Portsmouth på oss. Ikkje fordi natta ikkje var fin å segle i, vi snakka med EmBlem på VHFen og fekk høyre at dei låg der i lag med båten S/Y Serendipity som vi så vidt helste på i Dover. Vi bestemte oss for å stoppe på. Klokka halv to om natta seig vi inn i hamna og Tempest kunne etter ei trasig veke med motortrøbbel endeleg legge seg ved sidan av EmBlem og få litt trøst igjen. Vart med begge båtane på ei triveleg pubrunde kvelden etter, men avslutta tidleg då vi hadde bestemt oss for å dra vidare klokka seks om morgonen dagen etter.

Fortsett å lese ‘Portsmouth’