Stor stemning ombord! Vi har segla i eit sia sist. Etter eit par gode men kontrollerte broach med genakeren fann vi ut det var best å gje seg medan leiken var god. Det blåste opp, og havet tiltok, så vi la om til reva storsegl og geoa. Vinden har stort sett vert mellom 18 og 23 knop sidan i går kveld, og sjøen relativt rotete i forhold til indre oslofjord
Men vi har opplevd mykje. To gongar har vi sett kvalar som er oppe og vakar. Ellers har det vert aktiv segling. Eg og onkel Hjalmar var i god driv og vart blenda av fartsrushet. Vi segla over 8 knop over grunn, og gløymde nok at bølgene kunne vere litt uberegnlige. Dermed mista vi styringa i ein surf, båten tverra og vannet strauma inn mellom beina på oss. Det er ingen fare forbundet med dette, vi er alle stroppa fast og bruker sikkerhetsutstyr, og for båten sin del gjer det ingenting. Men det er ganske heftig når det står på. Både DanBoy og Flytebøye vart skyllt overbord, og strobelysa på desse ligg vel fortsatt å blinker uti der. For at det ikkje skulle bli satt i gang nokon aksjon dersom nokon fann det har vi varsla Spansk Kystvakt på VHF. Dei takka og bukka, og skulle inkludere det i trafikkmeldingane sine for området. Etter dette reduserte vi seglføringa, og etter det har vi surfa igjennom natta ridande på bølge etter bølge. Det er fasinerande kor mykje litt justering på segl har å seie for farten og ikkje minst for komfortnivået ombord.
Vi er alle kjempenøgde med at det blei litt aktiv segling, og det var ingen som ville legge seg medan det pågikk. Vi har dermed vert fire på vakt i heile natt, og humoren no utpå morgonkvisten ber preg av det. Det skal ikkje so mykje til lenger kan du sei:-)
Alle helsar heim, vi har det kjekt og søv litt på skift no som det berre er sjarmøretappen att. Vi reknar med å vere inne rundt midnatt, sjølvsagt litt avhengig av kor mykje vinden løyar utover.


Onninen Express avdeling Florø har sponsa kablar og koblings- materiell.






Kjekt å høre at faderen har fått prøvd seilbåtlivet litt igjen. Vann i båten har vell ikke han hatt siden vi prøvde å få opp ankeret til Kjørsviken (den historien forteller han sikkert uoppfordra). Her hjemme avrunder vi nå arbeidsdagen og regner med at helga blir rolig som vanlig….. Forresten så blir det en tur på åpning av Kaffe Marifjøra i kveld - nesten som Spania det :-)Forsiktig med ankerdrammen i kveld da !!!
Mvh stolt Henry Hjalmarsson
9 september 2008
Sten Ingve and Arnt:
Nina Liseth sent me a note a few days ago along with a web-site for Eikefjord. I saw your names and came to this site. (If you don’t remember, I’m that relative from Minnesota and Wisconsin who showed up at your dad’s Krabbefest in 2004. I hope to do that again, some day!)
Solveig and Brynjar told me about your trip when I visited with them in this past May.
I will just say good luck and best wishes for a good trip! I will keep looking at this site in the future.
If you ever have a few extra minutes, I would enjoy hearing from you.
Edward Bersu