Etter å ha nytt badelivet i to dagar forflytta vi oss innover til Baiona. Det er alltid vanskelig å få tatt bilete av bølgjene, men denne gangen hadde vi EmBlem seilande rett bak, og då er det litt lettare å sjå. Sjekk båten forsvinner bak bølgja, berre segla var synlege i periodar. Det er litt meir havdønningar her enn det vi er vande med heimifrå.
Vi har blitt fortalt at Christoffer Columbus kom hit med båten Pinta. Båten fann vi, men kapteinen sjølv var ikkje tilstades. Ellers er det ein fin by å gå tur i. Vi ligg her med båtane EmBlem, Amor Fati og Motgang. Rhapsody in Blue låg her også intil i dag tidleg, men for no viare nedover. Vi følgjer etter i morgon tidleg. Då håpar vi også at Endely som har fått seg ein ufrivillig tur på verkstad kan komme etter om ikkje så lenge.
Vi hadde store ambisjonar om å vaske kle her i hamna, men det fall i fisk då her kun er vaskeri som stengte altfor tidleg på laurdag og held stengt søndag. Men her er godt Internet, så vi får no tida til å gå


Onninen Express avdeling Florø har sponsa kablar og koblings- materiell.






Har Arnt’en hatt et uhell vi ikkje har fått med oss? Ser ut som om han treng eit trebein, kansje ein augelapp hadde passa fint og
Flotte bilder!
H.
Hei !!
Først i kveld kom eg heim til Gaupne etter nokre meir eller mindre “svaiande” dagar i Florø. Heile byen gjekk opp og ned… Var oppom frisøren Siri og helste på ho. Synd at ho ikkje hadde saksa med å du hadde sloppe skrekkfrisøren i Vigo Arnt.
For meg er det no attende til lesing av bloggane dykkar og til alle dei andre eg vart kjent med. Skrive ein og anna kommentar og selvfølgelig mimre og lengte attende til den fantastiske turen over Biscaya, dagane saman med dykk og alle dei andre flotte folka eg vart kjend med. Det var fantastiske mennesker!!
Men eg må innrømme at det var kjekt å komme heim til Helga og familien!! Eg vart vel motteken på flyplassen i Florø av pappa Atle. Dei andre rakk ikkje fram for flyet var 15 min før ruta.(Hadde medvind for ein gong skuld…) Eg vart med heim til Atle og vi var godt i gang med kaffen og kakene då Helga og dei andre dukka opp.
Heldigvis hadde eg ikkje gløymt å kjøre bil så turen til Gaupne gjekk greit.
Ha ein fortsatt god tur!!