Cascais

Arnt konsentret om GenakertrimmingaArnt på dekk for å sjå koss Genakeren står.Enda ein flott seglingsdag når vi gjekk frå Peniche til Cascais. Gjekk med motor i lite vind, men vart lei på slutten og satte Genaker dei siste mila inn til Cascais. Fantastisk å segle litt igjen, sjølv om det var i minste laget med vind og gjekk seint. Eg trur forresten vi har funnet varmen :-)

stenjolle.JPGTempest på svaiTempest på svaiNo ligg vi på svai utanfor ein flott marina i Cascais. Litt tilfeldig har det faktisk samla seg 10 norske båtar på veg sørover her i bukta. Veldig sosialt, i går kveld var alle samla på strandfest på bystranda. Mange drar vidare over til Madeira herifrå, nokon dreg nedover til Algarvekysten. Vi er litt usikre på kva vi gjer, men vurderar sterkt å henge oss på dei som skal til Madeira no.

Fine gaterEllers er Cascais ein flott by. Vi har vert på land i dag og handla litt, i morgon blir det vel ein lenger tur for å utforske byen. Måndag vurderar vi å ta toget inn til Lisboa og sjå kva den byen har å by på.

6 kommentarer til “Cascais”


  1. 1 Marianne B.

    Ikkje litt misunnelig engang! Ikkje i det heile tatt…
    Regn og vind her heime..

    Kunne godt tenke meg å dra med Emilie på segltur med dåkke, men som fattig student har eg nok ikkje råd til billett bort dit dåkke er engang.. Dessverre..
    Må være fantastisk å slippe tenke på tida, strømprisar, renter, jobb osv..

  2. 2 Jan Veberg

    Hei ! Artig å følge med på kvar ferda går.
    Har vore innom sida fleire gonger.
    Her i Florø er nok hausten like rundt hjørnet.
    Ha fortsatt ein fin seglas.
    Jan

  3. 3 Sara Steine

    Hei! No har eg vore på seglkurs i helga, og håpar eg kan briefe litt med kunnskapar når me treffest i Karibien, hehe! God tur vidare! :-D

  4. 4 Bjørn Sørlie

    Hei Yngve, takk for inspirerende blogg, vi er hakk i hel

    Bjørn (Kaprer)

  5. 5 Odd (naboen i hjemmehavna)

    Hei,
    og takk for hyggelig og inspirerende reisebrev.
    Her om dagen kom Skarpsnoposten. Hans Olaf, naboen på andre sida, har tatt dere med i sin spalte, Formannen har ordet,med web adresse og beskrivelse. Det er interessant å følge dere og god tur videre!
    PS. Dugnaden er 18.10, men dere har vel andre ting å bruke tida til enn å klargjøre for vinteren!
    odd

  6. 6 Arnt Hellevang

    Sara, så kult at du har tatt seglkurs! Då får vi satse på litt sktiv segling i Karibien!;) Vi gleda oss til å få deg på besøk!

Skriv en kommentar