I og med båten er heile livet nett no, er det lett å gå litt i kjellaren når ein så viktig del som motoren berre skapar problem. Men det ordnar seg helst for kjekke gutar, no går den, og vi tek nokon veker ferie før vi startar på ARC-forberedelsane.
I går starta vi grytidleg. Vi var usikre på kva det ville seie å verte ein “kartoffel”, som Tone i Mango proklamerte at sistemann til Mogan vart. Men noko bra er det heilt sikkert ikkje, så vi var oppe og i gang klokka 04:00. I Las Palamas traff vi forresten så vidt båtane To Fluer, Lucey Blue og Tatt av vinden, og forsynemeg kom det ikkje ein båt med norsk flagg sigande inn i hamna nett i det vi gjekk ut. Det var båten Madonna som også skal delta på ARC, så vi treff nok dei igjen når vi kjem oppatt til Las Palmas.
Turen nedover til Mogan gjekk i flott seglvind (25 knop) heilt ned til enden av øya, då var det bråstopp og vi fekk testa motoren siste stykket. På strekket passerte vi mange steder som mange nordmenn har spesielle forhold til. Playa de Ingles, Arguineguin (den norske byen), Anfi del Mar, Puerto Rico og tilslutt Porto Mogan. Vi gjekk tett oppunder land for å sjå, og gler oss verkeleg til late dagar her nede. Det er skikkeleg syden, alt ordna og tilrettelagt for turisme, men akkurat no er det heilt greit for oss
Veret her nede på solkysten er også noko heilt anna enn oppe i Las Palmas. Her det ikkje konstant overskya, faktisk ikkje oversya i det heile tatt!
Porto Mogan er ei populær hamn, og alle dei andre norske båtane hadde bestilt plass på førehand. Vi hadde lyst til å ha nokon dagar her vi og, men på telefon fekk vi beskjed om at det var fullt. God gamaldags norsk sjarm (jada, kapteinen gjekk sjølv) fungerte heldigvis her og, og når eg sto der med bedande auge fekk vi likevel ligge i to dagar.
Dermed kunne vi stå på brygga og ta imot mellom anna Mango som vi no ikkje har sett sidan Strømstad! Forutan dei kom EmBlem og Amor Fati inn, medan båtane Hilde, Tekla, Hebe og Mayflower låg her frå før av. Skikkeleg norsk koloni her nede.
No ligg vi her i to dagar før vi setter kursen litt nedover igjen for å ta imot besøk. Blir hovudsakleg ferie, men noko har vi jo som må ordnast. Vi må gjer klar gjestelugaren, vaske litt innvendig, legge om til piggdekk, måke oppkjørsla, …. ehh… nei forresten, stryk dei to siste
Men vi må blåse opp jolla og sette på motoren så vi kjem oss inn på stranda om morgonen!
Sten og Arnt, på Sydenferie ![]()


Onninen Express avdeling Florø har sponsa kablar og koblings- materiell.






Ny sveis på begge to! Gratulerer.
Takk! Vi måtte jo ta sommerklippen
halloen!
No har vinteren meldt sin ankomst her heime. Piggdekka er på, og klokka stillt tilbake. Då er det godt å tenkje på at vi skal dele sydens gleder med dokke om ca. tre veker. No skal vi feire Brynjar på lørdag og ta mot barnebarn nr.2, og så kjem vi. Vi gleder oss!! Er det enklast at vi tek kontakt pr. mobil etter landing, eller bør vi gjere avtaler førut? Kos dokke og nyt frien og varmen.
Tante Solveig
Hei!Godt å høre at dere endelig skal få litt “sydenliv”!Takker også for innsatsen på gassfronten, veldig bra jobba!Ser fram til å møte dere på en “sydenstrand”!, savnet er stort!
Hei Tante!
Takk for helsing, kosar oss vi, og gler oss til å møte dykk! Ta kontakt når dykk er “etablert”
Hei Erik!
Vi saknar dykk og! Kom og svai med oss på Gran Canaria då! Vi blir sør her iallefall til 9. - 10. november
Hei igjen!
Er akkurat kommen heim etter 2 veker på Lanzarote som ein liten forsmak på neste tur. Stort seglarmiljø på Puerto Calero, men de var jo ikkje der…
Ser fram til å nyte krabbefesten på sørlege breiddegrader i år.
Vi snakkast.
Helsing Rolf
Hei:)
Eg ventar spent på ny oppdatering;)
Ja, ei oppdatering hadde vore fint… Doke må jo tenke litt på oss som sit her langt oppe i nord. Kaldt og fælt…
Hallois Tempest!
Sitter her i kalde nord og leser hjemmesiden deres. Ser at dere har vært litt slappe i det siste med oppdateringer. Er det Gran Canaria som har tatt vekk skrivelysten deres?
Kommer herfor med en liten oppdatering fra Mango.
Alle 3 jentene er ombord og sørger for at Mango skinner. De sørger for at de daglige sysslene blir tatt hånd om.
Skipperen er på en lynvisitt i Oslo for å sjekke om seilerskoene tåler snø. Det gjør de,men sitter vesentlig bedre på dekk enn på snødekt asfalt.
Baggen er fyllt til randen med div. utstyr som ikke var å oppdrive på Canaris samt pinnekjøtt til julen.
Jeg kommer tilbake på lørdag og regner med å seile til Las Palmas på tirsdag.
Regner med å treffe dere da. Har dere fortsatt familien på besøk? Hvordan får dere plass til alle 14 i Tempest? Er vannlinjen hevet?
Sees i Palmas
Hilsen
SY Mango
hallaien gutta!
Håper de har det bra der de ligg på svai og nyt sol og varme!
Vil berre informere dykk om at han lillebror i dag har blitt far til ei lita jente - det på hans eigen bursdag. Så no er det høg konjakkføring i bergenbyen!
Eg vil og forøvrig førast inn i rekka over dei som meinar at ei oppdatering frå dykkar side er på sin plass.
Intet nytt er jo godt nytt!
Takk for fine dagar ilag med dykk på Gran Canaria. Lukke til vidare.