Arkiv for oktober, 2008
Så går tida på Madeira mot slutten. I morgon setter vi kursen mot Selvagens Islands, to miniøyer som ligg mellom her og Kanariøyene. Området er eit naturreservat, og vi har måtte søke om tillatelse til å få stoppe innom. Det fekk vi, med fint stempel og det heile, så i morgon set vi og LasPrimas kursen. Good Mood gjekk i dag, så dei reknar vi også med å treffe der ute.
Vi har slått oss til ro med at vi ikkje får gjort noko med motoren før torsdag, så då kan vi heller være turistar nokon dagar på Madeira. I går blei vi med kusinene i Las Primas å leige bil, ein kjekk måte å kunne utforske øya på.
Vi fekk tak i ein liten open jeep. Arnt og Cecilie tok raskt rolla som baksetehippiar. Dei to vaksne og ansvarlege kapteinane tok henholdsvis rolla som styrmann (RallyLene) og navigatør (StødigeSten). Vi hadde ein kjekk dag, kom trygt fram, stort sett dit vi hadde tenkt oss.
Vi har no kome til Funchal, den største byen på Madeira. Her ligg vi i lag med mange andre norske båtar. Torsdag organiserte båtane felles grilling på kaia. Kokkane i Endely samla inn 10 euro per person og gjorde felles innkjøp. Dei sto også for grillinga og vi hadde ein fantastisk kveld og natt med god mat og hyggelegt selskap.
Vi er i hamn! Alt vel, og vi er stolte av å ha funnet fram. Kom inn ein halvtime etter Leikaren, ein halv time etterpå kom Ruffen og. Vi samla oss i Tempest til betasuppe og ein ankerdram før vi no skal sove litt. Ikkje nett her, kjem tilbake med bilder og anna når vi finn nett.
Ja, no er stemninga stor ombord. Vi har dikta ferdig sangen (det er eit av overfartskonkurransane mellom båtane), og vi har nett fått VHF-kontakt med Leikaren igjen. Dei ligg med same distanse igjen til land som oss og Ruffen, men litt lenger nord. Ruffen har vi hatt VHF kontakt med heile turen, og no i dag har vi lest høgt frå avisene til dei. Gamle aviser, men det var nytt for dei.
Då var igjennom enno ei natt. Har vert rolegare no enn før, og vi har holdt grei fart. Han tøffar seg litt opp no på morgonen, så akkurat no er det litt uroleg med nokre kastevindar.
Lite trafikk utpå her, vi ser stort sett berre to tre skipiløpet av natta. Ja, også Ruffen då. Dei ligg i synsavstand unna og held oss med selskap gjennom natta.
Alt ve ombordl, og vi reknar fortsatt med et vi er inne utpå fredagsmorgonen.
Vi har endeleg somla oss til å finne fram fiskeutstyret (imponert Bengt?) og no sit vi no her og ventar på storfangsten. Det er utlyst ein fiskekonkurranse mellom båtane på denne overfarten, og det einaste vi har å vise fram so langt er ein blekksprut vi fann på dekk i dag tidleg. Men no skal det bli andre bollar!
Fortsett å lese ‘Fiskinga er i gang’
Vi er her fortsatt, alle mann
No har eg nett sendt ungdomen til sengs, dei leikar tømmrarar begge to etter ei lang natt på vakt. Eg hadde vakt frå 20:00 til 02:00, så tok dei resten fram til lyset kom.


Onninen Express avdeling Florø har sponsa kablar og koblings- materiell.





