ARC dag 3 Litt meir vind

Men fortsatt litt lite. Segla har slått i fleire døgn no, men for eit par timar sidan fekk vi det lille ekstra som skulle til for at dei no står fint. Båtfarten er no rett i underkant av 5 knop, natta igjennom har den stort sett loge rundt 3.

Noko av det flottaste eg veit er seglbåtar med spridde segl. No har vi hatt full seglføring med spridde segl i to døgn. Det er forhold ein berre kan draume om heime, rekorden min der er heile Drøbakksundet opp i ferien i forfjor.

Sola steikjer frå skyfri himmel, Benny har lagt seg på fordekk for å slikke sol. Tord har samme stilling på akterdekk, med ei bok. Bengt har nett avslutta oppvasken, og eg sit og skriv blogg. Alle rapportar både til ARC og FriVind skal inn klokka 12:00 UTC, så då prøver eg å ha bloggen klar så eg får sendt den samtidig.

Når forholda er så rolege som no nyter vi berre. Dette har eg draumt om i mange år, og no er eg her. Har ikkje hastværk, berre tar og føler på det å leve ut draumen:)

Tord har vist seg å være ein gourmetkokk av dimensjonar! I går hadde han middagen (det går på skift) og overraska med steik surra i bacon med kålsalat, poteter og soppsaus! Vi dekka på bordet inne og sat nede og åt i fred og ro.

Det minkar med båtar rundt oss, i natt hadde vi stort sett 6-7 lanterner å sjå på. Det verka som vi drog i frå eller tok innpå dei fleste, men det er vanskeleg å bedømme om natta. Både eg og Tord har hatt besøk av delfinar på nattevakta. Fantastisk flott å sjå morilden etter dei når det ellers er heilt mørkt ute.

Av dei andre norske båtane har vi no berre kontakt med Tatt av vinden som ligg ca 10 nm på vår babord, ganske paralellt. Vi er spennt på kor vi ligg i forhold til hovedfeltet no….

Alle søv godt, et godt og ingen er sjøsjuke. Vi har det veldig bra!

3 kommentarer til “ARC dag 3 Litt meir vind”


  1. 1 Henrik

    Heisann karer! Dåkke ligger no på 110. plass, respektabelt det. Det virker som om dåkke koser dåkke. Her heime regner snøen som kom på torsdag vekk igjen. Trur nok dåkke har det langt meir behagelig enn oss her heime ja.

    Henrik.

  2. 2 Sjur Dale

    Det er 6 båtar føre dikka og 11 ligg attom i crusing class H. Det må ein vera godt tilfreds med. Om vel eit døgn når de snart i meir vindstyrke som vil faktisk dreia til 180*, så då blir det nok fart i sakene.
    Plukka opp ei kodla i går som ikkje hadde skjønt dette med refleksvest, hovudlykt eller lyse fargar i mørkna. Den tapte hovudet og pelsen etter det forsøket. Eg sleit ut indrefilen på forrige og hadde den til middag i dag.
    Store nedbørsmengder og fare for ras på vestlandet. Jøss og grøss.
    Snakk om soling på dekk!

  3. 3 Onkel Hjalmar

    Vi er att aleine no. dei andre reiste i dag. Fyl med dokke !! Ha ein forsatt god tur!!

Skriv en kommentar