Utpå kvelden i går roa både vinden og bølgene seg, og det vart vanskeleg å halde kursen vi hadde tenkt. Vi har difor segla litt meir sør enn det som var planen, og reknar dermed at vi har falle på resultatlista. Dei bereknar jo gjenståande distanse, det vrir seg nok fort no når dei som har kome langt nok sør kan sette ein direktekurs mot mål.
Vi er svært nøgde med å ha hatt ein dag der vi i følge ARC sine sider låg forran Las Primas. At dei heng timesvis oppi masta og dinglar vel vi å sjå vekk ifrå;) Dei er jo langt nok sør til å sikkert kunne gå direktelinja no, så då ser vi nok ikkje meir til dei før Karibien.
Vaktordninga vi har fungerer forresten kjempebra. Vi køyrer firetimersvakter om dagen medan det er lyst, og tretimersvakter medan det er mørkt. No er det mørkt fra 20:00 til 08:00. Vi har fast rekkefølge på vaktene, slik blir det ein naturleg rotasjon sidan det er tre dagvakter og fire nattevakter. Den som slepp dagvakt lagar middag. I dag er det Tord og vi gler oss til turens første laurdagsmiddag med dertil tilhøyrande laurdagspils (berre ein til kvar).
Angåande sogningar og sunnfjordingar so kjem vi straks tilbake til det temaet. Vi er litt redde for å komme på kant med den einaste sogningen ombord, så vi lyt drøye det til det ikkje er so mange dagar igjen;)
Ellers morar vi oss med å trene på sekstant. Hadde ikkje tabellane vi trengde, men det har vi fått av våre ivrege blogglesarar no. Benny har hittil rekorden i nøyaktighet, han har funnet ut vi er vest for Afrika, sør for Kanariøyene og nord for Cap Verde. Etter mine berekningar gjort ved hjelp av moderne hjelpemiddel skulle det stemme ganske så nøyaktig på ein flekk.
Alt vel ombord i TurboTempest, vi stimar avgarde med opptil fleire knop i slengen, det er ikkje lenge gjort vi seglar ein times tid i denne farta;)


Onninen Express avdeling Florø har sponsa kablar og koblings- materiell.






Hallo.
Vi er noen kollega som lurer på om Bengt er / blir sjøsyk.
Vi har i såfall ingen medlidenhet med han.
Forsatt god tur.
Tor
Ser Benny har rekorden i nøyaktighet på sekstanten, med posisjonen vest for Afrika, sør for Kanariøyane og nord for Kapp Verde. Det hadde då vært interessant å få høyre kva posisjon dykk andre kom til?
Hei gutter
Vi følger med og leser hver kveld. Det er hyggelig for oss. Jeg har lyst på seiltur. Og vi som vil selge båten! Kanskje vi må ombestemme oss. Sjur på jakr i Lidalen. To hjort er er felt. God tur videre. Merete