Arkiv for 12. desember, 2008
Ei lita ekstraordinær nyheitssending:
- Gratulerer Marcus, du hadde rett! Namnet på båten går framover på styrbord, og bakover på babord
Kos dykk på julebord i morgon, hels dei andre frå meg.
- Svaret på Rita si gåte tippar vi er: Skogens konge. I Lillehammer for nokre år sidan måtte dei skyte ein elg som hadde forvilla seg inn i ein butikk. Korrekt?
- Fetter Benny har satt ny ofisiell fartsrekord på Tempest. 11,3 knop i ein surf!
- Vi har no under 500 nautiske mil igjen til St.Lucia!
Alt vel ombord!
Sten
Hyggeleg å høyre frå slekta Sidsel, kjekt at du følgjer med! Vitsane fall i smak
Men vi er ikkje dei einaste so får helsingar frå slekt, ryktet har tydlegvis gått blandt squallane her ute, for no er det storsamling! Tempest prøver så godt han kan å køyre slalom imellom, men det er ikkje alltid so godt det heller. Massa bølger kombinert med stadig skiftande vindar på grunn av desse bygene ledar til urolege døgn her ute.
Fortsett å lese ‘ARC dag 19 Meir slekt’


Onninen Express avdeling Florø har sponsa kablar og koblings- materiell.





