Soufriere, St.Lucia

Så er båten vaska og polert etter havkrysset, Benny og Tord returnert for meir tradisjonell julefeiring, og eg har fått ned att Arnt i lag med Inga og Pappa. Dermed er vi heile familien ombord, klare for ei litt annerleis jul enn den tradisjonelle heime i Brendøyvegen.

Ikkje så stor, men glir godt inn i selskapet!Tempest var av dei minste båtane i ARCen. Ganske godt illustrert på bildet her. Det praktiske var jo at vi fekk plass over alt, når vi ville ligge på brygge D skvisa dei oss berre inn mellom to superyatcher. Vi følte oss jo naturlegvis heime der ;-)

Deilig med ei strand der palmane veks naturleg:)Bengt og Inga starta med ein svømmetur på land.Endeleg på svai, temperaturen i vannet er som på land, varmt!Første stopp for ei natt på anker var Soufriere Bay litt lenger sør på St.Lucia. Ei bukt som ligg godt i le, og som har det ei karibisk bukt skal ha; palmar, sandstrand og ly for vinden. Det var godt å få segla opp igjen etter landligge, og vanvittig flott å ligge på anker så ein berre kan jumpe i vatnet frå båten. Endeleg er vi i gang med cruising i Karibien!

Nam!! Hjortebiff er vel ein naturleg start på karibiencruisingmenyen ;-)Og kva er vel meir naturleg enn å innleie karibisk cruising med kvar sin gedigne hjortebiff!?! Onkel Brynjar (far til Benny som var med over Atlanteren) hadde sendt med Pappa eit kjempestykke hjort. Det vart kvar sin store biff, samt rikeleg med kjøt til ei viltgryte i morgon og. Tusen takk for både hjort og laks onkel, alt kom fram i god form, og no gler vi oss til å feire jul med laks på egga kvar dag!

0 kommentarer til “Soufriere, St.Lucia”


  1. Ingen kommentarer

Skriv en kommentar