Pirates of the Caribbean

Fin seglvind mellom St.Lucia og St.VincentArnt i sving i byssa, godt å ha han heime igjen ;-)Cruisingdag 2, vi kunne sjølvsagt ikkje segle forbi bukta der store delar av kulissane etter innspelingane av Pirates of the Caribbean fortsatt står igjen. Dermed forkorta vi “havkrysset” mellom St.Lucia og Bequia med ei overnatting i Wallilabou på St.Vincent. Fantastisk flott seglvind mellom øyene, deilig å segle ordentleg slør etter vekesvik med lens :-)

Dei er stolte av og profilerar godt at filmane er spilt inn herDette er vel eit av kulissane som er lettast å kjenne igjen. Synd dei ikkje held det vedlike.Utsikta frå båten

Wallilabou er bukta der dei bygde opp kulissane for innspelinga av filme Pirates of the Caribbean. Mange av kulissane står fortsatt igjen, men dei er ikkje mykje veldikeholdt. Det var likevel moro å sjå, og vi måtte sjølvsagt ha eit bilete av Kaptein Sten Sparrow, den ukjende og litt meir forsiktige broren til Jack i ei av kistene som var brukt under innspelinga av filmen Dead Mans Chest.

Når vi kom låg EmBlem, Mango og Madonna der, men dei gjekk vidare til Bequia ikkje lenge etter. Vi har fått advarslar om å ligge i denne bukta aleine, så vi sjekka litt rundt og bestemte oss for å bli når både LasPrimas og Seafarer meldte sin ankomst. Vi ankra alle båtane opp i lag, slik at vi kunne gå fritt mellom båtane. Kvelden avslutta vi med viltgryte av hjort. Det står ikkje på kostholdet iallefall :-)

Slik ser det ut bak kulissane, bare fake.Parankring. Seinare kom også Seafarer på andre sida av oss.Rikeleg med selgarar i fargerike farkostar. Her er Garfield the Cat med sitt onkelbarn som solgte frukt.Kaptein Sten Sparrow

Eit fenomen vi møter i alle bukter her (så langt iallefall) er relativt ivrige bøyemenn som kjem i mot oss i alle slags fargerike farkostar. Alt i frå små normale båtar til seglbrett utan segl. Dei første som kjem kjempar om å få hjelpe oss til med ei bøye, og nokon stader ei line i land. Dei skal ha ein slant for det, vi har ikkje heilt funnet ut kva som er gjengs pris, så dei får sikkert for mykje. Etter at båten er vel fortøyd dukkar alle deires fettarar og sønnar opp og skal selge alt frå frukt og grønt til souvernirar. Ganske masande, men kjøper du litt av ein og begynner å avvise resten får du stort sett fred resten av tida du ligg der. Må sikkert berre venne oss til at slik er det, og om ein taklar dei med eit smil er dei jo veldig hyggelige og pratsome tilbake.

I morgon legg vi kursen enda meir sør for å finne oss ein god plass i bukta på Bequia der mange skandinavar feirar jul…

7 kommentarer til “Pirates of the Caribbean”


  1. 1 Henrik

    God Jul til alle samme! Vi som sit igjen her i Brendøyveien koser oss med litt godt tradisjonellt julever (grå himmel, regn og vind).

  2. 2 Bjørn Ståle

    Vil på denne måten ønske dere en riktig God Jul alle sammen.
    Her blir det tradisjonell feiring med hele familien til bords og pinnekjøtt :-)
    Hilsen fra et vått vestland

  3. 3 MARELIA

    Hei gutta. Nå ser jeg at dere har det på G!!! ÅÅÅ ja nå er det deilig! Hvor mye blåser det a?? Og åssen går det med svellet? Ser ut som alt er herlig nå så kos dere veldig og med dette ønsker vi dere ei super JUL på stranda på Bequi med Willy og kona som grillsjefer! De er superkoselige og selger de fineste smykker av kokosnøtt på stranda. Kjøp av dem for mer eksotisk blir det ikke! Flotte bilder på bloggen og det er SÅÅÅ koselig å følge dere! Heidi og Øyvind

  4. 4 Hjalmar

    Nå er det jul i Sogn. Vi fekk 3 cm snø i natt og her er -0.5. Kontrast til julevøret dokke har. Honnør for bilde og ypperleg blogg!! Tenkjer Arnt var glad for å vere ombord att! Og Atle, du har jammen nokre staute kjekke gutar !! No rekna eg med dei steller godt med pappa`n. Henry m/fam er her og feira jula saman med oss. Skal helse frå alle. God julefeiring!!! For ein opplevelse det må vere i slike omgivelsar !!

  5. 5 Hanne Petrine

    Ser de har fått veir-rapport frå kjellaren vår . No luktar det jul her i første etasje og det er snart fullt under juletreet .
    Håpar de får ei uforgløymeleg jul der borte i Karibien .
    GOD JUL til heile familien frå oss i Brendøyvegen !

  6. 6 Brynjar

    GOD JUL TIL ALLE I FAM. ATLE!

    HELSING PÅ JULEKVELDEN FRÅ FAM. SOLVEIG OG BRYNJAR.

  7. 7 nina

    Gratulerer med havkryss. Lengter tilbake når jeg leser og ser alle de flotte bildene. Ønsker dere et fantastisk seilår…

    Nidne

Skriv en kommentar