Fortsatt på svai på Bequia. Nokre av båtane har begynt å reise viare nedover, men vi har beslutta å fortsette romjula med nokre late dagar til på svai her. Vi er usikre på om vi blir her eller på Mustique på nyttårsafta. Det hadde vert moro med Mustique, men det koster vistnok skjorta å ligge der, og enda meir å vere med på ting på land. Vi har berre ei skjorte, så vi får se…
Jula er tid for avslapping og nedstressing etter ei tid med travle kvardagar. Sjølv om vi kanskje ikkje har så travle kvardagar for tida prøver vi likevel å slappe litt meir av og nyte late dagar. 1. juledag inviterte vi LasPrimasjentene over på julefrukost. Vi diska opp med Onkel Brynjar sin røykelaks, kokte egg og eggerøre. Ein lang frukost som vart avslutta med avslapping i sofaene med rikelege mengder FILTERkaffi
Tradisjonane heimifrå er på mange måtar med på tur. LasPrimasjentene er fan av å gå julebukk. Det gjorde dei med stil, og utpå kvelden 1.juledag samla dei fleire jenter frå dei andre båtane og kom syngande rundt i ei overlessa jolle. Vi fann sjølvsagt fram drammen, og fekk i takk mange flotte julesangar!
Eit av dei lokale delikatessene her er grilla Hummar. Vi måtte prøve, og valde ein restaurant som var anbefalt i guidane. Fantastisk hummar, men prisane var ikkje heilt tilpassa eit langturbudsjett. Vi unna oss likevel den luksusen no i romjula.
Pål på Madonna feira bursdag. Leik på stranda først, det måtte vi stå over på grunn av dykkarkurs og vannfylling. Men pizza på ein restaurant etterpå blei vi sjølvsagt med på. Vi okkuperte ein heil restaurant, mellom 20 og 25 vaksne langturseglarar + born.
Vi fortsetter kategorien “bilder som burde ha vert sensurert”
Ein havseglar med respekt for seg sjølv har vel skjegg? Vel, eg prøvde, men det klør! Det skulle gå over seier dei, men det gadd eg ikkje vente på. Under klippen vurderte eg ein periode bart, men det var rett og slepp umogleg å få andre til å ta meg på alvor med den hårveksten midt under nasa.
Ellers klarar vi ganske godt å ha late dagar i romjula. Eg og Bengt har meldt oss på dykkarkurs, og skal ta PADI Open Water sertifikat. Det er sikkert greit å ha når vi no skal cruise vidare på øyene her utan mål og meining
Litt arbeid blir det dog. Her er Arnt i full gang med å vaske hermetikkboksar som har blitt liggande i litt mykje saltvatn. Dei har begynt å ruste, og for å redde innholdet skyller vi dei i ferskvatn og tørkar dei før vi legg dei ned att i ein tørr dørk. Ein del av langturseglaren sin kvardag.
Ellers har vi fått ny plassering i bukta. Vi ligg no so langt inn vi kan komme, ca 20 meter frå dingybrygga og den nermaste strandpubben. Mindre vind og svell, gratis Internet frå hotellet og kort vei til land. Kan man betre ha det?
Fortsatt god romjul ![]()


Onninen Express avdeling Florø har sponsa kablar og koblings- materiell.






No må de ikkje kose dykk for mykje! Det var ein gong nokon som gjoorde det, og dei døde - nesten
Sjåast!
Neimen Sten då, måtte sjegget vike? Eg synest du var flott men det er bra du tok alt då. Bart er ikkje noko for deg, dyrt vert det med bartevoks også. Kos dokke vidare!!!!
Såg eg ei hengekøye????! JUHU:)
Hei
Nå må dere lære de andre på seiltur hvordan man får inn “Next” og “Prev” i bildevisningen…
mvh tg
Det er så godt å se at Sten med flere har tatt et fornuftig valg. Tenker da på dykkekurs. Ikke bli for svær. Jeg har også dykket i romjula. Men det er mer for de tøffeste gutta her i Mjøsas 2 grader. Gleder meg til å ta med Sten i Mjøsa neste romjul

Stig
Glemte forresten en viktig ting. Ta PADI Advanced kurset med det samme. Da får dere lov å dykke ordentlig etterpå….
mvh. Stig
Eg likte barten eg , Sten Ingve !
Herdis
Gleder meg til hvert nytt reisebrev. Er på hjemmesiden deres nesten hver dag. Gode tekster og flotte bilder.Har lest absolutt alt. Men nå er jeg ikke bare nysgjerrig lenger, nå er jeg rett og slett misunnelig! Men dere har fortjent dette. Spar litt dram til dere ligger vel fortøyd ved siden av “Bird” i Oslo. Jeg kommer til å være lutter øre.
I går var jeg på ski på Norefjell.10-15 minusgrader! Vondt i hofta etter et rundkast og støl i musklene etter lange utforbakker.
Spørs om jeg ikke heller skulle vært i Karibien!
Skib o`hoi Hans Olaf
Hei skjeggen….
Jeg kan ikke si noe annet enn jeg missunner deg Sten…Her er det 10 blå…og attpåtil må en stakkar på jobb i romjula…men nå har jeg vært på polet og kjøpt inn nyttårsaquaviten…
Du får ha takk for det gamle året Sten…skal hilse fra gutta på Norsk dustenæring…
P.S. Veit du hva de dansketullingene har funnet på nå…omprogramere mikrodoseringen slik at vi kan gjøre flere oppveinger pr. batch..
Det nye vektbatteriet er lagt på is..isteden kjøpte de hytte på Kvitfjell til neste 4 mill…
Dette er GLUM…
Hilsen Jan
Ynskjer dykk alle eitt godt nytt år ! Fantaske opplevelsar dokke har no. Skulle gjerne vore med dykk. Her feira vi nyttår saman med Bjørn Ståle m/fam. -3 gr og flott vær. Men bading er utelukka utandørs
Kos dokke !! Skal helse frå alle her.