St.Georges, Grenada

Indre hamn i St.Georges på Granada.Litt meir bypreg her enn tidlegare i KaribienEtter ein fin seglas med varierande vindar har vi no kome til St.Georges, hovudstaden på Grenada. Det er ein “storby” (dobbel så stor som Florø), og har langt betre shoppingmuligheter enn det vi har vert vande med so langt i Karibien.

Vi hadde eigentleg tenkt oss til Prickly Bay, men igjen tok mørket oss før vi nådde så langt. Vi kutta dermed inn litt og gjekk inn i bukta på St.Georges. I dag har vi vert på sightseeing rundtom i byen, og handla masse frukt og grønnt på markedet. Prisnivået her er faktisk langt meir behageleg enn på øyene lenger nord. Det er heller ikkje det same maset frå folk i fargerike småbåtar om å kjøpe alt mulig rart til blodpris.

Masse artige småbarar med plass til fire personar i kvar!Stort marked midt i sentrum. Billegare enn lenger nord, men vi blir sikkert lurt likevel;-)Ganske arti å gå rundt på desse markedene. Folk er hyggelege og positive, og slår gjerne av ein prat sjølv om du ikkje kjøper noko.Folket er også litt meir avslappa her nede. Sjølv har eg no kome so langt i Frode på Mango sitt Limekurs at eg glir lett inn i tempoet ;-) Arnt sleit derimot litt med oppfølgingskommentaren i dag når ei av marknadsdamene strauk han på leggen og spurte om han nokon gong hadde fått massasje av “a black lady”. “You have so soft legs” proklamerte ho til stor latter og glede for alle dei andre marknadsdamene :-)

Seinare i dag flyttar vi over til Prickly Bay. Der skal vi etter helga prøve å få båten på land for litt bunnsmørning (tar vårpussen vi no). Ellers har vi tenkt oss på ekskursjon til nokre fossefall som langturseglarar frå i fjor har utfordra oss til å hoppe ned (fem på rad vistnok). Vi har ikkje tenkt å vere noko dårlegare vi!

3 kommentarer til “St.Georges, Grenada”


  1. 1 Karianne

    Hei og hopp

    Eg skulle helse til Hellevangane frå ho Hjørdis. Då er det herved gjort!

  2. 2 Rita

    Utrolig artig å følge dere, flotte bilder dere legger ut!! Føler nesten jeg kjenner heten, luktene og får litt roligere tempo i alt jeg gjør…
    Kos dere masse, nyt livet og pass godt på lommebøkene ;o)

    Hilsen trofast leser i Florø

  3. 3 Henriette

    Hei Tempest!
    Jeg er tilbake i kalde Norge, en blandet følelse. Savner alt og alle fra den fantastiske turen, mitt livs reise! Jeg ville bare skrive en melding og ønske dere en fortsatt fantastisk reise i paradis, nyt hvert sekund, plutselig er dere hjemme igjen, og her er alt som før…

    veldig hyggelig å bli kjent med dere alle! Vi møtes plutselig til en eller flere øl i Tigerstaden til sommeren, Vinterklem fra Henriette på las primas

Skriv en kommentar