Grenada og nytt mannskap

Den fantastiske “bekken”Som vi skreiv tidlegare hadde vi planar om å hoppe i nokre fossefall. Medan Pappa, Bengt og Inga fortsatt var her tok vi difor turen opp til eit “fossefall” for å sjekke forholda. Inga ville også sjå Apekattar, så vi valde eit fossefall som skulle ligge i nærheten av ein nasjonalpark som også skulle ha Apekattar. Vi bomma på det meste! For det første tok vi buss istadenfor å leige ein taxi. Det vi ikkje viste var at bussane ikkje gjekk særleg ofte på søndagar. Det var heller ikkje eigentleg opent på dette fossefallet, som på godt norsk hadde gått under betegnelsen bekk.

Vi gikk og gikk og gikk og …..Gutten hadde fire Armadilloar som han viste til turistane og fekk tips for.Vi gikk og gikk og gikk og …..
Arnt i treets kjerneIngen Apekattar, men vi fekk jo sett litt skog :)Litt skuffa over fossefallet fann vi fort ut at utan nokon avtale med ein Taxi var vi ganske tapt oppi der. Ja ja, vi kan no gå, tenkte vi. Spurte lokalbefolkningen, og fekk retningsangivelse til parken som skulle vere ca 30 minutters gange oppi fjellet. Vi gjekk og gjekk og gjekk og gjekk… Ein og ein halv time nesten rett opp! Vi såg to Apekattar på hundre meters avstand når vi kom fram, men måtte ha oss litt mat og ein rast før vi gjekk inn i parken. Då var var sjølvsagt alle Apekattane vekke, og det hjalp ikkje kor mykje dei lokka med både primalhyl og bananer.

Vifte som bles luft inn i motorrommetVetusventil som forhopentlegvis held tettEtter at Pappa, Bengt og Inga returnerte til Norge, hadde vi to dagar aleine i båten til Fetter Bent skulle komme. Vi hadde planar om å ta den på land, men dei hadde ikkje tid til å løfte den dei dagane. Då brukte vi heller tida til å få gjort litt arbeid som vi har tenkt på ei stund. Det er gode båtbutikkar på øya, og vi investerte i ein Vetusventil til sjøvassinntaket, og ei vifte for å få kjølt dynamoen når vi ladar. Begge delar vart montert, og vi konstanterer at no ladar vi veldig bra utan at regulatoren slår ut pga overoppheta dynamo, samt at motoren går fint utan at vakumventilen heile tida drypper sjøvatn inn i motorrommet! Veldig nøgde med innsatsen tok vi fatt på rydding og vask for å ta imot vårt nye mannskap.

Nytt mannskap. Vår Fetter Bent blir med oss til 28.januarTelefonen frå Fetter Bent kom som forventa litt utpå formiddagen. Det som ikkje var fullt så forventa var meldinga han kom med. “Eg sit fast på immigrasjonskontoret, dei vil ikkje sleppe meg inn utan at skipparen kjem med alle papira sine” Heldigvis hadde det løyst seg før eg kom meg ut på flyplassen, men for ettertida skal eg sørge for å sende ein bekreftelse til nytt mannskap om at dei skal mønstre på båten, og derfor ikkje har returreise frå det landet der dei mønstrar på.

Populært med bok og filmbytte.Volleyballkamp på opplyst banePå mange måtar er dette eit lite vendepunkt på turen vår vår. Herifrå delar båtane seg litt i to grupper, dei som skal nordover og heim igjen etter eit år på loffen, og dei som skal sørover gjennom Panamakanalen for å ta heile runda rundt. Samstundes traff vi her på øya igjen dei som ikkje gjekk over med ARCen, og dermed landa lenger sør i Karibien. Det vart samling på ein lokal nesten nedlagt marina med opplyst Volleyballbane. Ballspel, bok og filmbytte, samt feiring av Siv på Misty sin bursdag. Ein triveleg kveld i hyggelegt lag.

Arnt får håret trimma av CecilieKapteinen måtte også under saksaBunkring for mange flotte dagar på svai oppi GrenadineneSidan det no vert ei stund til vi ser Las Primas igjen nytta vi høvet til å få ein klipp. Det er ikkje noko behageleg med for lange lokkar på hauet i denne varmen, og Cecilie har jo begynt å få god trening i å klippe langturseglarar.

I dag har vi tatt turen tilbake til byen St. Georges for å bunkre varer her som det er supermarkeder og nokonlunde levelege prisar. I morgon tidleg set vi kursen nordover igjen. På mange måtar heimreisa som startar no, men det vel vi å ikkje tenke so mykje på enno ;-)

6 kommentarer til “Grenada og nytt mannskap”


  1. 1 Odd Jarle

    Kle dykk sømmeleg eller få 270 dollar i bot eller seks måneder i fengsel: http://www.vg.no/reise/artikkel.php?artid=539876 :-)

  2. 2 Bjørn Ståle

    Ser at dere koser dere. Kjempebra!!!

  3. 3 Henrik

    Litt tidlig å tenke på heimreise enda Sten! E jo 3-4 måneder med loffing til, før dåkke set segl austover igjen. Eg har forresten bestemt meg for å slutte å lese på seiltur.no no, eg har ikkje godt av det, ikkje før eg sjølv kan sette meg på flyet vestover… Eg har jo hatt reisesjuka i godt over et år no, dei siste 6 vekene kjem til å være et h…te :D Håper dåkke koser dåkke på svai så snakkast vi snart!

  4. 4 Odd Jarle

    Kan kosthaldseksperten ombord fortelle oss lesarane litt om på-svai-dietten (ref. bilete Bunkring for mange flotte dagar på svai oppi Grenadinene) de følger?

  5. 5 Bengt, Inga og Pappa

    Takk for en fantastisk tur. Vi er nå vel heime etter en litt røff flytur over Nordatlanteren, 110knops vind og mye risting, men alt gjekk bra:) Hjemme ble vi møtt med snø og kuldegrader. Litt av en motsetning fra Karibien! Lengter allerede tilbake til varmen og late dager. Nyt det så lenge det varer.

  6. 6 Kosthaldseksperten

    På-svai-dietten er relativt sunn: Bacardi og Cola LIGHT ;-)

Skriv en kommentar