Tobago Cays, fortsatt heilt heaven:)

Ja, slik har vi det her ute. Heilt ok :-)På Tobago Cays igjen. Her er fortsatt like herlig. Litt mindre vind denne gongen, og dermed endå klarare vatn. Denne gongen tok vi også ein tur rundt på øyene rundt her. Masse å sjå, og vi fekk tatt nokre fleire bilder. Sjå og nyt, det gjer vi ;-)

 

I denne klynga ligg Tempest. Heilt ok strender her ute og.Jaggu fekk ikkje Arnten tak i ei nøtt til slutt. No gjenstår det berre å få den opp;)Benten leikar dovendyr. Får det ganske bra til ;)Kapteinens draumeplass.Skal love dykk vi skvatt når vi såg denne rett over hauet.Tøffe dyr. Skikkeleg store!Ein Iguan som gjøymer seg i krattet.

 

Ein idiotrusser i altfor stor charterbåt!Sjølv om dette verkeleg er ein avsidesliggande stad er det ikkje heilt fritt for action her. I det Arnt og Bent ligg og kvilar medan kapteinen lagar lunch, høyrer vi brått ein metall mot metall lyd utanifrå. Eg ser ut av vindauget, og rett i eit gigantisk ploganker! Vi spring ut for å konstantere at ein russer i ein 52 fots leigebåt har navigert skuta si rett i sida på stakkars lille Tempest. For å gjere ei kort historie lang, eller omvendt, så prøvde dei først å gje oss namnet på skuta, så stikke. Eg heiv meg i jolla og tok dei igjen for å få litt meir opplysningar. Etter ei stund kom Parkrangerane og hjalp meg. Dei forlangte at han snudde, heiv anker og kom bort til oss for å gjere ting skikkeleg. Etter litt om og men kom det så to russarar i ei jolle for å sjå på skaden. Dei spurte om vi kunne gjere opp kontant og bli ferdig med saken. Tja, sa eg og antyda etter litt om og men at for 1000 euro kunne vi gjøre opp saken. Ok, sa han, stakk handa i lomma og drog opp 1000 euro i kontanter. Ganske god kompensasjon for to bøyde rekkestøtter ;-)

Union, flott by med masse fargarHar kjøpt meg Rastafarilue! Han sa eg kledde den, men så fekk han jo solgt då ;-)Til slutt må eg berre få med at eg har kjøpt meg rastafarihue. Fin? ;-)

7 kommentarer til “Tobago Cays, fortsatt heilt heaven:)”


  1. 1 Sten

    Ser ut til å være like fint der i år som i fjor!
    Man lengter fort tilbake når en er kommet hjem igjen - gøy å lese om turen deres. Kos dere videre og nyt tilværelsen:)

    Forresten gøy å se bilde av “visittkortet” vårt på siden deres fra Porto Santo:)

    Ship O’hoi

    Harmonia - Tina og Sten

  2. 2 Marianne B.

    Eg blir helt dårlig av å se på bildene..
    Eg og har lyst dit dåkke er no!!
    I dag har vi hatt sol, østavind, snø og regn. Det blir vel 4 årstider på en gang? Som vanlig i gode, gamle Florø

  3. 3 Henrik

    Nok no… Eg forbyr dåkke å legge ut fleire bilder før 1. mars…

  4. 4 Karianne

    Hold ut Henrik. Det er ikkje lenge til vi er på vei;)

  5. 5 Fimbo

    Fyyyyy Søren!!!!Eg og vil sitte i oppi en palme å nyte sola!!Såå missunlig!!!

  6. 6 Eva

    Ser fantastisk ut. Kommentar til bilde 11: Ikkje godt å sjå kven av dykk som er den innfødte….Her er det ca 5 grader og opplett no. Har hatt ei flott helg i Nordfjord med alpint på Harpefossen.

  7. 7 Ola Frogner

    Kjøpte du rekkestøtter i gull, eller retta du den du har og kjøpte hummer og øl i stedet?
    Det var fint å handle på Petit Martinique…

Skriv en kommentar