Arkiv for 3. februar, 2009
Etter nokon dagar med arbeidsleir og shinings av båt var alt klappa og klart til å ta imot nytt mannskap. Vi bestemte oss for å gje Renate, Sara og Silje ein “soft” start på båtlivet, og har derfor tatt dei to første nettene i hamn. Vi har jo vert ein del på St.Lucia utan å verkeleg utforske anna enn sjøsida. Rastafarimannen Vision som polerte båten vår når vi kom inn etter ARCen arrangerer også private turar rundtom på øya, og vi tenkte det ville vere ein fin start på ferien til vårt nye mannskap.


Onninen Express avdeling Florø har sponsa kablar og koblings- materiell.





