Etter ein hard arbeidsdag var det vel på tide med litt ferie? Vi syntes iallefall det, og slik har det blitt
Seiling i Karibien er ganske moro. Det blåser konstant rundt 10 m/s, minst. I mellom øyene har du storhavets dønningar rett inn, og “bak” øyene har du le for dønningar, men stor fare for kastevindar frå fjella. Vi fekk ein perfekt seglas frå Le Marin til Anse Arlet, der vi ligg no. God medvind som snudde seg med oss i det vi runda hjørnet ved Diamond Rock. Perfekt segling nett slik det skal vere.
Vi hadde tatt sikte på ei bukt som heiter Anse D’Arlet. Dersom den var fin skulle vi bli der, om ikkje gjekk vi vidare. Den var fin, vatnet her tur eg er det klåraste eg har sett så langt. Vi ligg i svømmedistanse frå stranda, og rett ved båten har vi eit lite rev som er fint å snorkle på.
Inne på land er det ein liten fin landsby som ber lite preg av å vere ei turistfelle. Det er masse badegjestar her, men vi er usikre på om det er lokale som er på helgetur eller om det er turistar. Stemninga er roleg, og tigginga og all dopmissbruket som vi har sett masse av på dei andre øyene pregar ikkje landsbyen i så stor grad.
I morgon skal vi ta ein roleg start på dagen med ein god frukost og litt snorkling før vi set kursen nordover eit lite stykke. Vi har fått signal om at vi må vere obs på streiken som er på gang, og går difor opp til Anse Mitan for å sjå om vi får tak i gass der. Gass er det einaste vi ikkje har ganske rikeleg av i tilfelle streiken skal få store effektar. Vi kunne gått til hovudstaden Fort De France, men i tilfelle opptøyer i forbindelse med at streiken slår ut for fult her på øya i morgon held vi litt avstand og ser ting litt an.


Onninen Express avdeling Florø har sponsa kablar og koblings- materiell.






Wow! Dette var ein svært aktiv og god reiseblogg. Det ser ut som de har det ganske så fint. Kjekt å høyra at det er ingen som er sjøsjuke, så vidt eg veit er det iallefall ein landkrabbe ombord på Tempest.
Ha ein fortsatt fin tur!
Hei igjen!
No er det visst lenge sidan sist vi sende nokre ord til gutta på sjøen. Men vi er inne dagleg og les om dei fantastiske opplevingane de har i Caribien. ” der skulle vi ha vøri….”. Skjønar godt at de nyt tilværelsen. Her heime har vi verkeleg fått vinteren no, er ikkje så kaldt, men du verden kor mykje snø vi blir velsigna med!
Og så får vi nyte det på vår måte med mil etter mil på ski. Eit herleg liv det og.
Ha det fortsatt fint.
Solveig og Brynjar
Hei
Har forsøkt å nå dere på HVF’en uten særlige resultater å skryte av. Jeg ligger nå i Fort de France. Her er det superstreik og alt er stengt. Hvor er dere nå?
Mobilum 91134314
Ka skjer folkens?? Har dokke tatt ferie?? Må huske å oppdatere bloggen:)
Hei Tempest!
Håper dere har fått skikk på motor og fått ordentlig diesel. Vi lå på Guadalope når streiken ble trappet opp igjen. Det eneste vi merket til det var at Tone var i matbutikken med full handlevogn da streikevaktene kom inn og jaget alle ut derfra umiddelbart. Ellers gikk livet sin vandte gang.
Vi ligger nå i English harbor og har det kjempe bra. Kan virkelig anbefales. Verdens største privateide seilbåt ligger også her (nabobukta) De lurte på hvor den verdens kjente Tempest var hen?? De skulle holde av plass til dere når dere kommer hit.
God tur videre
Hilsen
Mango