Arkiv for februar, 2009
Jammen sa eg “gentle” start for jentene! Det starta fint med ingen tengn til sjøsjuke etter ei natt på svai. Alle ved godt mot og forberedt på ein litt ruskete seglas over til Martinique.
Vi la ut og starta med lett motorsegling. Bølgene økte og havdønningane kom inn i det vi runda hjørnet på St.Lucia.
Etter nokon dagar med arbeidsleir og shinings av båt var alt klappa og klart til å ta imot nytt mannskap. Vi bestemte oss for å gje Renate, Sara og Silje ein “soft” start på båtlivet, og har derfor tatt dei to første nettene i hamn. Vi har jo vert ein del på St.Lucia utan å verkeleg utforske anna enn sjøsida. Rastafarimannen Vision som polerte båten vår når vi kom inn etter ARCen arrangerer også private turar rundtom på øya, og vi tenkte det ville vere ein fin start på ferien til vårt nye mannskap.


Onninen Express avdeling Florø har sponsa kablar og koblings- materiell.





