Jolly Harbour og nytt mannskap

Henrik og Karianne, vi var nøgde med bagasjemengden. Halvparten var jo delar til oss :-)Så var Silje og Sara komne vel heim til snøen igjen, og vi har mottatt to nye forfrosne florøværingar til opptining. Henrik og Karianne er installert ombord, og vi har skrudd på sola så vi får tina dei opp. Det skal nok gå bra :-)

Antigua Rigging i ferd med å montere nye mellomvantNår vi var oppe og skifta VHF-antennaoppdaga vi at ein kordell i eit mellomvant var gåen. Vi kontakta Antigua Rigging, som tok oppdraget på strak arm. Frå andre langturseglarar i hamna fekk vi sterke advarslar angåande prisnivået, så overraskinga var stor når dei presenterte rekninga på 198 US$ all inclusive for to mellomvant inkludert arbeidet med skifte.

Proviantering igjen. Supert supermarked i Jolly Harbour.Utsikt frå båten. Det vart ikkje noko green flash i kveldJolly Harbour er ein fin marina, men det går ikkje å ligge på svai der inne. Vi la oss difor utanfor innkøyringa i lag med Pigalopp, Saga-Tiba og Las Primas. Vi er litt mellomnøgde med å ligge her, vatnet er for uklart til å dykke, og det er veldig langt inn til “byen” med jolla. Vi har difor benytta oss av det vi kom for, eit MEGASUPERT supermarked til proviantering, og legg no kursen oppover til Deep Bay der vi skal snorkle på eit skipsvrak som ligg midt i bukta.

Eit bilete på bestilling frå damene i Brendøyvegen 10Eit bonusbilete til dei same dameneTil damene i Brendøyvegen 10; -Berre å komme med ønsker, så tar vi bilder vi ;-)

7 kommentarer til “Jolly Harbour og nytt mannskap”


  1. 1 Roald

    Ser ut som dere kan bruke Henrik til å justere hvitbalansen på kameraet de nærmeste dagene… :)

  2. 2 Herdis

    Takk for bilda , dei var akkurat slik eg hadde sett for meg . Har venta på oppdatering nokre dagar , sjekka seinast før eg la meg i natt .

  3. 3 Martin Andreas

    hallo mamma

  4. 4 silje

    hahaha.. bra bilde!!!! Vi er jo betegna som “negere” her heime… så skulle dere ha vert her… sten er jo svarte enn de fleste fastbuende der nede:P Kos dere:)

  5. 5 Karianne

    Hei Martin:)

    Så kjekt at du er inne å ser på nettsida. Vi har det kjempefint her. I morra skal eg lære med å snorkle. Det blir sikkert kjempekjekt.

    Mamma er glad i deg martin! Savne deg og:)

  6. 6 Linn

    Oi oi oi! Håper sola vil gjøre deg godt Henrik. Det er håp. Vi husker jo alle bildet av Sten med t-skjorte “på” når turen begynte. :) Kos dere og nyt sol og varme!

  7. 7 Hanne P

    Haha.. dei bildene var knall! Tusen takk kara! :D Skal sei eg e misunnelig på Sten sin brunfarge! (Og ikkje så veldig misunnelig Henrik sin ikkje eksisterande brunfarge.. :p) Om ett par uke e du vel kanskje på mitt nivå brutter :D

Skriv en kommentar