St.Martin - Taxfreemekka

Ein flott dag på “fjorden”Dette var øya for gutta det! Ei taxfreeøy der dei faktisk hadde butikkar med elektronikk, og alt i siste oppdaterte utgåve. Berre synd visakorta ikkje er like oppdaterte. Vi har loge i marina i Simpson bay, ein stor lagune midt inne i øya.

Passering av bru for å komme inn i lagunen.Var litt “sydenstemning” under innseglinga til St.MartinSt.Maritin er verdas minste øy som er delt imellom to land, Frankrike og Nederland. Vi kunne bevege oss fritt mellom begge landa, men det var ikkje uvesentleg kor vi sjekka inn. På den Franske sida er toll og imigrasjon like enkelt som på dei andre franske øyene, man fyller alt ut sjølv på ein PC!, og det heile kostar 5 US$. På den Nederlandske sida er alt like omstendeleg og manuelt som på dei andre karibiske øyene, og etter å ha fylt ut nokre skjema i X-eksemplar måtte vi betale rundt 50 US$. Genialt å gå inn på den Nederlandske sida då, not! Tips til andre: gå inn i Simpson bay lagoon gjennom brua på den nederlanske sida, men køyr over på den franske delen for å sjekke inn. Då slepp du også å betale for passering av brua.

Ingenting er som å shoppe “gadges”Lukkelege kara i taxfreeelektronikkhimmelenVi hadde fått tips av fjorårets cruisarar at dette var handlemekka for elektronikk, så vi la turen inn til Philipsburg som er hovudstaden. Elektronikkbutikkane er stappa med Indarar som sel alt av av det siste innan kamerautstyr, PCutstyr, telefonar og anna gøy. Alt i siste utgåve, og alt i sokalla “unlocked” versjonar. Det var ein gjeng lukkelege gutar som tilbragte ein heil dag på “shopping” utan ein einaste kjedeleg butikk :-)

Vi skal tilbake hit, det er her Tempest skal segle frå når vi skal til Azorene. Det er gode båtutstyrsbutikkar her, med dei beste prisane vi har sett så langt i karibien. Det er dessutan langt ifrå tomt på elektronikkbutikkane, så om du har peng til overs: send meg ein mail så skal du få eit kontonummer som tåler påfyll ;-)

Ellers har dagane gått til å vaske båt, fylle diesel og bensin, samt irritere vettet av seg over eit Internet som fungerte i to minutter om gangen, og då helst ikkje når vi sat forran PCen. Været har faktisk vert litt grått, men vi toler nokre regndagar så lenge vi no veit at vi skal nedover til BVI og det er meldt nydeleg vind og vær for overfarten. Det blir nattseglas i kveld, vi legg avgårde i åtte-nitida.

Alt vel i Tempest, fylt til randen av oppdatert elektronikkgadges :-)

5 kommentarer til “St.Martin - Taxfreemekka”


  1. 1 Herdis

    De serverer vel kake til bursdagsbarnet idag sidan det blir litt vanskeleg for meg å gjere det :D . Gratulere med dagen Henrik , ser ut som du nærmar deg Arnt i hudfarge :D

  2. 2 Dagfinn Nordal

    Hei alle sammen,

    Ser ut som om dere har det fint ja. Trur jammen det båtlivet dere driver på med fortiden er mye kjekkere en det jeg holder på med:) Hadde vert litt kjekt å byttet ut nordsjøen med karibien:)

    Hils Henrik og gratuler han så mye med tjue elleve årsdagen.

    Fortsett og nyt dagene, og kos dere.

    Bon Voyage
    Dagfinn

  3. 3 Linn

    Gratulere så masse med dagen Henrik!! Bedre kan man vel ikke ha det på bursdagen sin! :))) Drikk en paraplydrink for meg og når du først er i gang. :)

  4. 4 Oddemann

    Kva har du i posen Sten? Du gliser så lurt? Gåve til meg?

  5. 5 Bjørn-Åge og Elisabeth

    Sjønner at dere fortsatt koser dere.Og med masse elektronikkbutikker så har vel dere vert i himmelen.Vi lå også i Simson bay i 2005. Vi
    betalte ingen ting for å gå gjennom broen den gang.De har vel skjønt at her kan vi skvise seilerne litt. Tips : Vent med å kjøpe noe til turistbåtene har forlatt Philipsburg, da er prisene lavere. Det opplevde vi. Kos dere videre på ferden. Masse klemmer fra Elisabeth og Bjørn-Åge på Grand Canaria med besøk av søster og svoger.

Skriv en kommentar