Arkiv for 22. mars, 2009

Norman Island

Stor gjensynsglede når LasPrimas dukka opp igjen. Vi para opp på felles bøye.Flytande norsk øy, Tempest, LasPrimas og Pigalopp.LasPrimas, Tempest og Pigalopp tar morgonbadet. Heilt grei måte å starte dagen på ;-)No kjem da seg her, betre enn vi har det no kan det vel knapt bli. Vi har god tid, ikkje noko stress, masse kjekke vennebåtar i området, klart vatn og ein undervannsflora som berre er heilt fantastisk! Dagane går med til snorkling og avslapping, slik skal livet levast. Vi ligg no i The Bithe, der vi deler moring med LasPrimas, og har Pigalopp rett bak slik at vi kan slenge tau over til dei og dra båtane hekke mot hekk. Veldig sosialt og fint, ikkje minst når Ann Kristin får det for seg ho skal bake sjokoladekake!

Fortsett å lese ‘Norman Island’