Dag sytten. Optimisme

Verden smilar litt meir ombord i dag. Det var berre å sette Kari på vakt i natt, så roa sjøen seg og båten vart langt meir leveleg. No er det berre runt 100 nautiske att til Horta!

Vi slit veldig med å halde høgda, men støttar med motor innimellom for ikkje å sige for langt ned. Vi nektar å gå eit halvt døgn ekstra og krysse oss på tvers oppover på slutte. No skal vi i på Peters Sportcafe og fortelle skrøner om kor dramatisk turen har vært!

Reknar med Pigalopp er inne om nokre timar, og håpar dei og Rattata orienterar seg og rapporterer til oss om forholda. Har høyrt at det er trangt om plassen, så det spørs om vi må på med sjarmen for å få plass. Eg pleier å sei: “But Tempest is a very small boat, it fits almost anywhere” og har då stort sett fått plass.

Musikk på anlegget, lite bølger, grei vind, sol frå skyfri himmel og berre ei lita forhaling att til land. Livet smiler :-)

Alt vel, Kapteinen

4 kommentarer til “Dag sytten. Optimisme”


  1. 1 Annika

    Ja, no höyrest det ut som om det er godt aa vere paa Tempest igjen! Klart de maa lage plass til dokke, kjipt aa maatte snu og dra tilbake (o=

  2. 2 Stefania

    Heja turbo TEMPEST!
    Dere er råflinke :-) God seilvind og hilsen fra kontorpulten :-(

  3. 3 Tormod

    Regner med dere sitter på Sportsbaren med en kald en i hver hånd og leser dette. Vel blåst folkens! :)

  4. 4 Marit

    Ja det må nok damer til…hm, og ellers så må de no kjenna det litt att de er på dekans livs tur..de er tøffe fortell så bra om turen.Heia for resten av “veien

Skriv en kommentar