St.Martin - Horta

Stor feiring på Peters.Mange glade innkomne seglararHuffda - no gjekk vi vist litt i dvale her. Heilt fantastisk å komme til Europa igjen. Øl på Peters kostar 1 Euro, gatene er brosteinsbelagte og har fotgjengarovergang, trafikken er sivilisert og butikkbetjeningen smiler og er serviceinnstilt. Eit anna teikn på at vi er tilbake, forutan at her er kaldt!, er at vi ligg longside. Akkurta no ligg Rattata innerst, Pigalopp utanpå, vi utanpå dei igjen, og Motgang ytters. Sosialt og moro.

Så flatt kan havet væreDei hadde mykje løye for seg når kapteinen sov. Her er OJ midt i ein åttetallssving!?!Mange fine dagar der ein berre kunne nyte livet på havet.Skal komme tilbake med litt info om livet her på Horta i neste post. Men først tenkte eg at dykk skullle få sjå kossen vi hadde det på Atlanterhavet. Værmessig hadde vi litt begge deler, men mest av fint vær og godt føre. Ellers har det vært ein heilt fantastisk kryssing med gode venner. Odd Jarle og Kari er absolutt mannskap å anbefale for havkryss. Godt humør, massevis av humor og positivitet, og ikkje minst pliktoppfyllande nattevakter. Takk for ein fin tur til begge to!

Den fiskar betre enn den produserar straum den dingsen her ;-)Ein stolt og spennt skipper tok roret siste vakta inn.Kari vasker opp i solnedgangen :-)Nyt bileta, så kjem eg snart tilbake med litt om livet på Horta og planane vidare. Eigentleg skulle vi ha vert på veg vidare allereie, men det herjar nokre lågtrykk uti Atlanteren som vi ikkje har lyst til å stifte nærare bekjentskap med

OJ rimeleg happy med å vere halvvegs. Legg merke til seglføringa. Genakeren sto i 3 døgn!Ein glad kaptein fann Arnts sin halvegsoverraskingspakke gjømt under ein benk. Stor stas :-)Pliktoppfyllande Kari på nattevaktVi såg ikkje kval, men delfinar var det rikeleg med. Koselige dyr som leikar seg godt i baugen.Kari, like blid om det går litt på skråttSiste soloppgangen, berre minutter igjen til land, stor stemning!Godt å sjå land igjen!Ein får med seg mange solopp- og nedgangar på eit havkryss!Odd Jarle imponerte med brødbakst. Han diska også opp med både sjokoladekake og eplekake undervegs!Odd Jarle og Kari nyter eit utandørs tapasparty!Odd Jarle leser bok på paddeflatt AtlanterhavPortugisiske krigsskip florerte det av utpå der.

7 kommentarer til “St.Martin - Horta”


  1. 1 Bjørn Ståle

    Flott å lese og se bilder fra overfarten, lurte ei stund på om du hadde ramla aldeles utpå evnt utsatt for mytteri :-)

    Har du satt noen dato for når du regner med å være heime ?

  2. 2 Stefania

    Hei Tempest! Takk for flott bildereportasje og grattis med gjennomført overfart! Strålende å se bildene… Får havlengsel, selv om forholdene er rimelig tøffe der ute nå.
    Kos dere masse.
    Håper å få treffe dere i Norge når dere er tilbake. Seilerhilsen Stefania R.N. :-)

  3. 3 Arild

    Flott å sjå bilder, men det vert vel eit foredrag eller 2 i høst når regn og vind piskar rundt hushjørna?

  4. 4 Arild

    Høyrde nett TEMPEST på VHF i eit Finsk program som heiter “Med vind i segla” på NRK2.
    Programmet er om eit par som byggde sin eigen båt SAMPO og reiste til Caribien.
    Flott program om langturseiling :-)

  5. 5 Ola

    Høyrer rykte om at du slit med jetleg og orkar difor ikkje å dra vidare enno…? Er vel spesielt hardt når ein reiser mot klokka har eg høyrt.

    Flotte bilete. No har endeleg og sola brote igjennom skylaget her og, det er meldt over 20 grader i fylket. Yr.no meiner Florø får 12:(

  6. 6 HILDE

    Gratulerer med ankomst Europa etter noen doegn i havet. Vi er fortiden paa oeyhopping men i loepet av en ukes tid blir det havseilas igjen ned til Tuamotooyene for vi havner paa Tahiti rundt 20.juni. Hilse til alle kjente fra oss. S/Y HILDE Reidun & Finn

  7. 7 Hjalmar

    No var det på tide med ein oppdatering !!! Flotte bilder og det ser triveleg ut. Kos dokke !! Kanskje vert det eit treff med “Røvær” gutta. Dei har hatt ein tøff tur over dammen. Snakka med Bjørn S i dag. Datoen for planlagt heimkomst er OK. Vert tid til eit MC treff i Tyskland i mellomtida om veret vert bra. Trygt og godt å halde seg på landjorda og sveve avgårde i 70 kn… :-)

Skriv en kommentar