10 timar 40 knops vind og stormfokk, 10 timar 15 knops vind og fulle segl, 10 timar vindstilla og motor. Skulle tru havsegling er monotont, men det er det ikkje!
Eg trur Kong Neptun var nøgd med dansen vår, for no får vi god behandling her. Heile gårsdagen sklei vi fint avgårde i 6,5 knop med fulle segl på 60 graders kryss. Fantastisk dag med solskin frå skyfri himmel. Utover natta forsvann all vind og jerngenoaen måtte i gang. No er sola oppeigjen, og det er skikkeleg påskestemning på terassen her ombord!
Er superfornøgd med crewet mitt forresten. I natt sovna eg til lukta av Carolines nysteikte brød, i dag vakna eg til lukta av Bendiktes steikande omelett. Det var berre å sette seg på balkongen og få servert ein deilig frukost under skyfri himmel og påskesol, med påfølgande nykokt kaffi. Å vere kaptein på Tempest er for tida skikkeleg luksus
Dagens lille spenning i kvardagen er at vi høyrer Security melding på radioen heile tida, og blir fulgt av “Warship Northumbulens”. Dei har ei øving på gang med ein ubåt, midt i vår seilingsled. Eg kalla dei opp og orienterte om våre planar. Det var greit for dei, dei hadde oss under oppsikt og skulle ta hensyn til oss. No går dei på sida av oss her og passar på, ikkje dårleg å å ha eige digert krigsskip som eskorterar oss trygt mot Irland! (Det tenker eg du likte å lese tante Solveig
)
Ellers ser det ut til at vi får litt segling igjen til natta, og igjennom morgondagen, før vinden igjen forsvinn og vi må motre oss inn til Irland. Reknar med vi går til Kinsale, og at vi kjem dit torsdag.
Takkar igjen for fine helsingar og kommentarar på bloggen. Det er berre å reise Elisabeth og Finn Åge,! Og til Lina 4, gled dykk, det verkeleg eit å å sjå fram til! Dersom alt går etter planen er vi nok tilbake i norge før dykk når Caledonien, vi møtes faktisk sikkert på havet! Men om vi blir forsinka skal vi sjå etter dykk! NB: Lytt på VHF-kanal 73 når dykk fer nedover, det er den kanalen alle på veg heimover ligg på.
Alt vel ombord, skikkeleg luksus faktisk!


Onninen Express avdeling Florø har sponsa kablar og koblings- materiell.






Hei til alle ombord på Tempest, naturligvis leser vi ivrig reisebrevene og er veldig glade når de slutter med “alt vel ombord”
Det må være spesielt “hyggelig” å bli observert fra krigsskipene og delta på et slags øvingstur! Ha det godt alle sammen!!
Caro, er du hjemme i Oslo den 27.juli eller har du andre planer?
Hjertelig hilsen fra M & P
Hei igjen.
Tenkte eg måtte skrive og seie meg veldig tilfreds med ekskorten dokka! Eg er så glad for at turen over har gått så bra. No har de sikkert fått landkjenning før eg er tilbake, eg reiser på sykkeltur med klassen i morgon.Det vert grilling, fisking og overnatting i Svardalen.Ha ein fin tur mot land.Brynjar helsar.
Helsing Solveig
Hei Tempest,
Jeg har fulgt dere hver dag i 1 år nå, og er imponert over farten i den bussen dere kjører….
Jeg skjønner godt at Irland setter inn krigsskip for å passe på dere.
Sten Ingve er jo blitt så brun at han likner på en ekte terrorist
Hei, ei lita helsing frå Langesgate - særleg til deg, Benedikte!
Det er spanande å følgja med dykk, og ut frå omtalen av frukosten høyrest det ikkje ut til at det er det minste synd i dykk der ute!
Her i Vestlandets hovudstad er det Springsteen som står øvst på plakaten til oss begge i dag, elles er det ikkje stort å melda herfrå.. Vi ser fram til laaaange lunsjrapportar når du er attende!
Varme helsingar frå oss to på Rektor Mosbys gamle kontor!
Takk for svar og for nyttig informasjon. Da lytter vi på kanal 73. Har mailet med Hans i Barolo, og håper å treffe dem.I og med at de har lik båt har også de gitt nyttig info.De har også gjort en fantastisk tur etter gode forberedlser. Lina 4 har vært i Mou hos Karen og Lars for utrusting i vinter, så hun begynner å bli bra utstyrt.Men man lurer alltid på om det er noe mer man bør gjøre. Har seilt ARC to ganger(1990 og 2004)som mannskap hos Marit og Nils Todal i www.sy-checkmate.com.Fantastiske opplevelser, så vi gleder oss til ett tredje atlanterhavskryss.
Ønsker dere god seilas på siste etapper, vi følger med dere hver dag.
Med vennlig hilsen
Arne
Lina 4
LG4101 +4790623782
(Rambøll østfold)