Arkiv for kategorien "Korte meldingar"
Tempest står enno på land, og ventetida fram mot våren er lang både for skute og skipper.
I helga var eg difor ikkje tung å be når eg fekk tilbod om å vere med å hente ein heilt ny Bavaria 38 frå Danmark til Oslo. Litt mykje vind i hamn, og litt lite på havet, men likevel fantastisk å komme seg på sjøen igjen!
Fortsett å lese ‘Seglesesongen er i gang!’
Vår proffe webmaster Henrik har no konstruert ei løysing som muliggjør at vi kan blogge via mail. Han har også lagt inn ei side med kart som viser posisjonen bloggposten er sendt frå. Vi kjem til å legge inn koordinatar på postar etterkvart som vi seglar viare på ruta, og dykk kan dermed følgje oss “live” på kartsida!
Så er det offisielt! Tempest er påmeld Atlantic Rally for Cruisers 2008.
Så langt er det 8 norske båtar av litt over 100 som er lista opp. Det er tidleg enno, så det kjem nok til fleire. Totalt kan det delta over 220 båtar.
Det byrjar sakte men sikkert å gå opp for oss at vi faktisk skal gjennomføre denne turen ![]()
Medan skipperen har returnert til Oslo for ei roleg nyttårsfeiring tek 1st mate Arnt og webmaster Henrik ansvar for feiringa i Florø. Kjippen er ein gamal tradisjon i byen der alle kler seg ut og går i tog gjennom gatene for å ta farvel med året som har gått.
Likar du seglelivet, og drøymer om å krysse Biscaya eller kanskje også Atlanterhavet? 
Tempest reknar med å krysse Biscaya i byrjinga av august 2008. Over Atlanterhavet er vi påmelde ARC regattaen som startar frå Las Palmas 23. november 2008. Vi søkjer medseglarar som ynskjer å dele denne opplevinga i lag med oss. Det er sjølvsagt også mogleg å følgje med på reisa både før og etter havkrysset.

Båten ligg på land, men turplanlegginga held fram. Mannskapet er på juleferie i Florø, og arbeidet med internetsida er godt i gang.
Bestilling av utstyr står og på programmet. Grunna låg dollarkurs ser det ut til at det er gunstigast å bestille elektronikken frå USA. Synd at det skal væra slik, men vi har funne differansen for stor til at vi kan ignorere den. Det meste av sikkerhetsutstyr ser det dog ut til at vi bestiller i Noreg.
GOD JUL OG GODT NYTT ÅR!





Onninen Express avdeling Florø har sponsa kablar og koblings- materiell.





