Arkiv for kategorien "Reisebrev"
Så var det krysning av Irskesjøen. Det går unna når ein treff på straumane. Nøye planlegging av tidevatn og strum gav oss rekordtempo over til Skotland. Ellers er det ikkje mykje å skrive om denne dagen, nitrist vær. Ingen vind og lågt skydekke gav motorbåttur med kalesja på… Men vi kom oss no til Skottland, og i morgon er det Crinankanalen!
No er verkeleg mannskapet på TurboTempest inne i ein TurboTurist periode her. På to døgn har vit tatt Sightseeingbuss i Dublin, besøkt Guinnesmuseumet, segla nattseglas til Bangor, tatt toget til Belfast og tatt Seightseeingtaxi der. No vurderte vi å ta nattseglas på direkten over til Scotland der vi skal igjennom Crinan kanalen, men det viser seg at vi då vil gå mot straumen uti fjorden her.
Vi prøvde å få plass heilt inne i bykjerna av Dublin, men det var vistnok berre for større skip og prydskuter. Kvifor vi ikkje gjekk inn under den kategorien veit eg ikkje, men vi fekk istaden plass i Poolbeg marina som er ca 30 min til fots frå sentrum. Dagen etter kom også Pigalopp, og vi blir begge liggande her til iallefall fredag.
Benedikte var det som på nattevakta si (03:00-06:00 UTC) fekk æra av å vere den som ropte “Land i sikte!”.

I går hadde vi først på dagen nok ein nydeleg dag for motor. Sidan vi hadde litt å feire, gjorde vi det
Fortsett å lese ‘Motorrusk’
10 timar 40 knops vind og stormfokk, 10 timar 15 knops vind og fulle segl, 10 timar vindstilla og motor. Skulle tru havsegling er monotont, men det er det ikkje!
Ja, så var det slutt på dei sterke vindane, og vi er i gang med sjarmøetappen innover mot Irland
Reknar med å vere inne fredag, kanskje torsdag om vi får vindane med oss.


Onninen Express avdeling Florø har sponsa kablar og koblings- materiell.





