Velkommen til Tempest

Dette er heimesida til seglbåten Tempest og dens mannskap. Det faste mannskapet er brørne Sten Ingve og Arnt Hellevang som seglar tur/retur karibien i 2008/2009.

På denne sida kan de følgje oss både gjennom førebuingane, og sjølve turen. Stikk gjerne innom ofte, vi oppdaterer plutseleg!

Arkiv

Over til Skottland

Caroline prøvar å sjå positivt på været.Deilig og lunt under kalesja.Arnt speidar og speidar, men er ikkje langt vi ser Godt vi har AIS og radar!Så var det krysning av Irskesjøen. Det går unna når ein treff på straumane. Nøye planlegging av tidevatn og strum gav oss rekordtempo over til Skotland. Ellers er det ikkje mykje å skrive om denne dagen, nitrist vær. Ingen vind og lågt skydekke gav motorbåttur med kalesja på… Men vi kom oss no til Skottland, og i morgon er det Crinankanalen!

Bangor og Belfast

Guinnes tappa på ordentleg vis på toppen av Guinnesmuseumet.TurboTurist i toetasjesbuss gjennom DublinVandring i Guinnesmuseumet som var i dei gamle produksjonlokaleneNo er verkeleg mannskapet på TurboTempest inne i ein TurboTurist periode her. På to døgn har vit tatt Sightseeingbuss i Dublin, besøkt Guinnesmuseumet, segla nattseglas til Bangor, tatt toget til Belfast og tatt Seightseeingtaxi der. No vurderte vi å ta nattseglas på direkten over til Scotland der vi skal igjennom Crinan kanalen, men det viser seg at vi då vil gå mot straumen uti fjorden her.

Fortsett å lese ‘Bangor og Belfast’

Dublin

Kanalen inn til Dublin. Ser ut som eit skip som kvelvar, men det blir berre slept inn til kai.Piglaopp kom inn dagen etter oss, no ligg vi etter kvarandre kun 20min å gå fra Dublin sentrum.Lenge sdan vi har vært i ein så stor og sivilisert by!Vi prøvde å få plass heilt inne i bykjerna av Dublin, men det var vistnok berre for større skip og prydskuter. Kvifor vi ikkje gjekk inn under den kategorien veit eg ikkje, men vi fekk istaden plass i Poolbeg marina som er ca 30 min til fots frå sentrum. Dagen etter kom også Pigalopp, og vi blir begge liggande her til iallefall fredag.

Fortsett å lese ‘Dublin’

Kinsale

Arnt i sving med å skylle segldressane. Blir mykje saltvatn på kleda etter eit realt havkryss!Så begynner ting å falle på plass igjen her. Skal vel ikkje skyve under ein stol med at det har mykje med at 1.st Mate Arnt har mønstra på igjen å gjere… Hard start, rett i gang med jobblista for å få Tempest “in shape again” etter to havkryssetapper.

Fortsett å lese ‘Kinsale’

Horta - Kinsale

Dykk vil vel kanskje sjå nokon bilete frå den siste delen av Atlanterhavskrysset og? Vel, her kjem dei, kos dykk :-)
Siste måltid før 9 døgn på havet. Pigaloppane var med og.Avskjedskomiteen var på plass og vinka oss vel avgårde.Eit siste måltid før havkrysset nøyt vi i lag med Skipper og mannskap på Pigalopp som segla i lag med oss.

Fortsett å lese ‘Horta - Kinsale’

Tampen i land!

Glade Atlanterhavskryssarar!Så var vi vel i hamn! Vart tatt i mot med jubel og tåkelurkonsert av mannskapet på Pigalopp og Mari.

Fortsett å lese ‘Tampen i land!’

Land i sikte!

Benedikte var det som på nattevakta si (03:00-06:00 UTC) fekk æra av å vere den som ropte “Land i sikte!”.

Fortsett å lese ‘Land i sikte!’

Motorrusk

Feiring.JPG

I går hadde vi først på dagen nok ein nydeleg dag for motor. Sidan vi hadde litt å feire, gjorde vi det :-) Fortsett å lese ‘Motorrusk’

Kontrastar

10 timar 40 knops vind og stormfokk, 10 timar 15 knops vind og fulle segl, 10 timar vindstilla og motor. Skulle tru havsegling er monotont, men det er det ikkje!

Fortsett å lese ‘Kontrastar’

Rolegare

Ja, så var det slutt på dei sterke vindane, og vi er i gang med sjarmøetappen innover mot Irland :-) Reknar med å vere inne fredag, kanskje torsdag om vi får vindane med oss.

Fortsett å lese ‘Rolegare’