Velkommen til Tempest

Dette er heimesida til seglbåten Tempest og dens mannskap. Det faste mannskapet er brørne Sten Ingve og Arnt Hellevang som seglar tur/retur karibien i 2008/2009.

På denne sida kan de følgje oss både gjennom førebuingane, og sjølve turen. Stikk gjerne innom ofte, vi oppdaterer plutseleg!

Arkiv

Kong Neptun byr til dans…

…og vi har takka ja!

Fortsett å lese ‘Kong Neptun byr til dans…’

Forberedelsar

Rolege forhold utpå her no, etter ei natt med ein del vind og sjø. Grei fart og retning, og god stemning ombord.

Fortsett å lese ‘Forberedelsar’

Nam nam

Hmmm - nybakt brød, fin vind inn 90 grader, mellom 6,5 og 7 knops fart, sol og rundt 1 meter bølgehøgde. No snakker vi her :-)

Fortsett å lese ‘Nam nam’

Nesten kval

God vind, god fart, dårlege bølger… Vi hastar vidare i god driv. Har hatt nokre gode vindkuler i natt, men det har roa seg litt no på morgonkvisten. Har grei fart i båten, sjølv om vi blir stoppa ein del av bølgene som rottar seg saman mot oss.

Fortsett å lese ‘Nesten kval’

Igang igjen

Så var vi på havet igjen! Etter ein siste veroppdatering frå Mads i Frivind.no kasta vi loss i går klokka 15:00 UTC og har satt kursen direkte mot Irland.

Fortsett å lese ‘Igang igjen’

Kaotisk vær….

Lonside i Horta. Rattata, Pigalopp, Tempest og Motgang… men god stemning i hamna på Horta! Vi ligg her langt på overtid, men været får vi ikkje gjort noko med.

Fortsett å lese ‘Kaotisk vær….’

St.Martin - Horta

Stor feiring på Peters.Mange glade innkomne seglararHuffda - no gjekk vi vist litt i dvale her. Heilt fantastisk å komme til Europa igjen. Øl på Peters kostar 1 Euro, gatene er brosteinsbelagte og har fotgjengarovergang, trafikken er sivilisert og butikkbetjeningen smiler og er serviceinnstilt. Eit anna teikn på at vi er tilbake, forutan at her er kaldt!, er at vi ligg longside. Akkurta no ligg Rattata innerst, Pigalopp utanpå, vi utanpå dei igjen, og Motgang ytters. Sosialt og moro.

Fortsett å lese ‘St.Martin - Horta’

What shall we do with the drunken Sailor?

Peters Sport Cafe, Horta

Dag atten. Horta!!!

Tampen er i land, vi ligg utanpå Rattata og Pigalopp, og stemninga er på topp!

Fortsett å lese ‘Dag atten. Horta!!!’

Dag sytten. Optimisme

Verden smilar litt meir ombord i dag. Det var berre å sette Kari på vakt i natt, så roa sjøen seg og båten vart langt meir leveleg. No er det berre runt 100 nautiske att til Horta!

Fortsett å lese ‘Dag sytten. Optimisme’